|
I juryen si grunngjeving heiter det om Impetus: ”Bandet utmerker seg med god dynamikk, fine overganger og godt samspill. De hevder seg både kompositorisk, improvisatorisk og teknisk, og klarer å skape stemingsfulle så vel som rytmiske og mer spestige partier”. Etter konserten er det berre å setja to strek under denne grunngjevinga.
Bandet plasserer seg stilistisk innanfor 60-tals jazzen med klare referansar til Wayne Shorter, Freddie Hubbard og Art Blakey. Låtane er alle som ein skrivne av medlemmer i bandet, og dei blei framførte med autoritet. Det heile bundet elegant saman av trommeslagar i bandet Audun Lunnan Hjort.
Bandet byrja å spela saman straks dei tok til på Griegakademiet – dvs. For knappe to år sidan. At repertoaret har blitt så stilistisk einskapleg, kan dei ikkje heilt forklara. Bandetbestår av trompetar Tomas Bjørnstad (21) frå Nesodden. Trompet byrja han å spela då han var 9 år gamal. Ikkje uventa har han korps-bakgrunn. I tillegg til spelinga med Impetus vikarierer han i Bergen Big Band. Håvard Skaugen (22) kjem frå Bærum. Også han byrja den musikalske løpebanen i korps. Ole Fredrik Nordbye (23) kjem frå Lavangen i Troms – noko som blei uttrykkeleg slått fast på konserten – ma. Gjennom komposisjonen ”Levangen flytebryggeforening”. Han byrja å spela piano då han byrja på skulen, og har i den seinare tida teke timar med Christian Wallumrød. Erik Evja Eikill (22) er Stavanger-gut og byrja å spela gitar i 14 – 15-årsalderen. Gitar spelar han framleis – både med Impetus og i Ramsalt. Aleksander Lyng Gifstad (24) kjem frå Otterøya og spelar bass. Aleksander har kanskje ein og annan høyrt om før fordi han har vikariert med Åge Alexandersen og Askild Holm. Audun Lunnan Hjort (25) kjem frå Oslo og spelar trommer. Dette byrja han med tidleg i tenåra, og avslører at Elvin Jones er det store førebilete Audun spelar også i bandet Trabant På tampen av praten etter konserten seier dei unisont: ”Skriv noko fint om Griegakademiet”. Det finaste ein kan seia om akademiet pt, er at dei produserer så gode band som Impetus!
Elles spelte JFC/ Dalstrøm Organ Quartet (m.a. ein hip versjon av Les McCanns ”Compared to What”), Sabar Ring, Mike Stern, Hilde Louise Asbjørnsen, Andratx, Dans Les Arbres og Public Enema storband. Byen er Bergen og festivalen er Nattjazz. Seven more nights to go!
Tekst: Lars Mossefinn
|