|
SIGURD ULVESETH FEKK STATOILHYDROS SILDAJAZZPRIS |
 |
|
SILDAJAZZPRIS TIL SIGURD ULVESETH SILDAJAZZ 2009: Ein tydeleg overraska og nesten mållaus Ulveseth kunne seint i går kveld ta med seg ein sjekk på kr. 25.000,- og eit trykk av festivalkunstnaren av året Per Flatøy. Prisen er den tiende i rekkja.
|
Informasjonssjef i StatoilHydro Tori Lindbøl presenterte grunngjevinga og stod for prisutdelinga. Juryen som har valt ut bassist Sigurd Ulveseth la særleg vekt på Ulveseth sin vilje og evne til å få med seg viktige utenlandske musikarar i sine band, den betydning han har og har hatt for jazzmiljøet i Bergen og den sentrale posisjonen Ulveseth har i jazzen på Vestlandet.
Ulveseth mottok prisen berre minuttar før han skulle gå på scenen saman med Jerry Bergonzi (tenorsaksofon), Dag Arnesen (piano) og Frank Jacobsen (trommer).
Det blei ein fin konsert i to deler der særleg andre settet prova at det var solid varme i glohaugen. Bergonzi viste fram si zareptas krukke av idéar og Arnesen hadde nokre inspirerte augneblink der melodikaren og energibunten Arnesen gjekk opp i ei høgare eining. Prisvinnaren og Jacobsen utgjorde eit lytefritt komp-tospann, og då gløymer me nesten at i dei svakare partia av konserten fekk med tradjazz frå Høvleriet med oss på kjøpet.
Lars Mossefinn |
|