 |
HEIMESIGER TIL BJORDAL
SILDAJAZZ 2009: Christina Bjordal gjorde eit aldri så lite come back på heimebane etter ein periode som nybakt mamma. Med Heine Totland og Georg Wadenius som gjesteartistar heldt ho ein fullsett Festiviteten i fast grep. |
Eg har ikkje heilt forstått programmeringa til Sildajazz. Kl. 19.30 på torsdag inviterte dei til konsert både i Maritim Hall og i Festiviteten – dei to største salane festivalen nyttar. Det same har skjedd før og skjer igjen i dag. Til overmål er det i dag ein tredje konsert på Byscenen.Jazznytts meldar valde såleis å ta med seg første halvdel av Peter Cincottis konsert i Maritim Hall for så å få med siste del Med Christina Bjordal.
I følgje programmet er Peter Cincotti av New York Times utropt til ein av dei mest lovande songarar og pianistar i vår tid. Etter 45 minuttar i selskap med den unge Cincotti kan ein slå fast at New York Times ikkje er eit etterretteleg organ når det gjeld kunstkritikk.
Cincotti (25) kjem frå New York og har lenge blitt rekna som ung og lovande. Allereie i 2003 gav han ut sin første CD ”Perter Cincotti”. Året etter følgde han opp med ”On The Moon”. I børjinga framstod Cincotti som ein ein crooner i tradisjone etter Nat king Cole, Frank Sinatra m.v, men med CDen ”East of Angel Town” (2007) presenterte Cincotti seg som låtskrivar i tillegg.
I første del av konserten stod materiale frå sistnemde utgjeving i fokus. Stilistisk kan ein plasserta musikken til Cincotti inn i pop-landskapet med referansar til blues, soul og jazz. Stemma er ganske tynn og ein aning nasal. Attaket er fint og han nyttar i liten grad vibrato. Pianospelet var enkelt og til tider sølete, og det gjorde ikkje ting betre ved at lydmannen fekk Stainway’en til å høyrast ut som ein diffus blanding mellom akkustisk og digitalt piano. Bassisten og trommeslagaren gjorde for såvidt sine saker bra, medan trommeslagaren serverte det mest umusikalske trommespelet eg har høyrt på festival denne sommaren. Det var med lett hjarte eg forlet Maritim Hall. Eg visste at dette aldri kan bli bra.
I Festiviteten var det ein heilt annan kvalitet. Også her var det eit velregisert show med alle dei konvensjonane som høyrer med, men her blei det musisert på eit heilt anna plan – mykje takka vere ein oppegåande trio med Anders Aarum (piano, synth og Fender Rhodes), Ole Marius Sandberg (bass) og Harald Levang (trommer). Bjordal serverte låtane sine stilsikkert og med overtyding, og i duett med Heine Totland sat det som det skulle. For å toppa det heile kom Georg Wadenius på scenen og bandet gjorde Steely Dans ”Josie”. Kanskje meir ei ’storhending’ enn musikalsk minnerikt, men det fungerte, og når dei avslutta ekstranummeret ”Smallest Things, så var publikum på føtene med ovasjonar til bysbarnet. Det går an å bli profet i eigen by.
Solfrid Mollands Sirkus Melankolika Ensemble med Molland (vokal og trekkspel), Per Willy Aaserud (trompet), Kjetil Steensnæs (gitar), Henning Hansen (kontrabass) og Vilde Broen (sjonglør) spelte sin andre av to konsertar på To glass. Molland serverte ein miks av franske chansons og sigøynermusikk. Det heile kunne blitt ei triveleg stund med trompetar Aaserud og sjonglør Broen som det største aktivumet. Diverre var det eit kobbel Haugesundsfruer i 60-åra som hadde bestemt seg for å ta eit kombinert vor- og nachspiel på To glass parallelt med konserten. Haugesundsfruene vann på teknisk knock out.
Jazzkamikaze kom på banen for nokre år sidan som eit frisk pust i klassen ung og lovande. Pr. idag er dei eit patetisk rockeband. Det kunne ein slå fast etter ein halvtime på Byscenen.
Siste stopp blei Bodils kro med Sinne Eeg. Dette er tredje konserten eg høyrer med Eeg på under eit år. På Copenhagen Jazz House i fjor haust etterlet Eeg eit heller likegyldig inntrykk, og på Kongsberg kom ho litt i skuggen av kompet – Lars Jansson (piano), Mads Vinding (bass) og Morten Lund (trommer). I går kveld var det meir balanse i rekneskapen. Med pianist Henrik Gunde, bassist Kaspar Vadsholt og nemnde Lund på trommer blei det ein triveleg nattetime med standardlåtar, eit par Eeg-originalar og sjølvsagt den danske nasjonalstoltheit ”Dansevise”.
Eeg er teksttru i sitt føredrag og ho legg inn nokre arrangementsdetaljar som er med å understreka enkelte poeng i teksten. Føredraget hennar er kontrollert og nyansert, og scattinga hennar byggjer på klare musikalske idéar. Bandet kompa lojalt, men tok sikkeleg av i avslutningsnummeret, Harry Woods ”What A Little Moonlight Can Do” anført av ein Gunde i storform.
Lars Mossefinn
Foto: Tor Andre Johannessen
|