 |
A STAR IS BORN
SILDAJAZZ 2009: På festivalens avslutningsdag kom det store kick’et. Eva Bjerga Haugen greidde å trollbinda eit fullstappa To glass.
|
Å skapa ro på To glass etter kl. 21.00 ein fredag eller laurdag er inga enkel sak. Det nye skotet på vokaljazz-stammen, Eva Bjerga Haugen frå Stavanger greidde det i 2 x 45 minuttar. Ho har eit scenenærver av det sjeldne og ein perfekt stemmekontroll. Fraseringa er fjellstø med ein suveren rytmisk tryggleik. Samspelet med Espen Eriksen (piano), Lars Tormod Jenset (bass) og Andreas Bye (trommer) er tilnærma telepatisk.
Bjerga Haugen går leikande lett frå Billie Holiday-klassikarar til Paul Simon som den mest naturlege ting i denne verda. Når ho avslutta konserten med Radioheads ”The Tourist”, kunne ein ha sverga at låten var skriven for Eva Bjerga Haugen.
Lars Mossefinn
|
|