|
Festivalen lukkast. Det var full Vossasal på opninga, og godt med folk på det meste utover kvelden. Musikalsk blei kvelden velsigna med fleire oppturar.
Charlie Haden Quartet West vitja med årets konsert Vossa jazz for tredje gong. Forventningane var store som det høver seg ved festivalopning. ”Heime på steinane” var i gang kl. 19.30. I år framført av Jørn Styve på lur og Jørund Indrehus på tangentar, og når Jon Skjerdal, som vanleg iført Sognebunad, intoduserte festivalopnar Frode Grytten (assistert av Ole Amund Gjersvik på bass), var ein skikkeleg i gang. Ein hadde kanskje venta og vona at opninga til Grytten skulle bli neste steg i ei jamn stigning i programmet. At Grytten si poetiske hylling til Mingus og jazzen skulle bli høgdepunktet, skuldast at Haden & co hadde ein dårleg dag på jobben. Haden med følgje hadde vore på reisefot i 8 timar då dei kom til Flesland heilt etter ruta kl. 12.10. Diverre kom dei utan bass. Den kom først kl. 15.30 via Oslo, og måtte fraktast i fredagsrushet frå Flesland til Voss. Bassen stod såleis på scena i Vossasalen først kl. 17.35. Omstenda kan sikkert forklara kvifor den no 72 år gamle basshelten ikkje var i sin beste form. Quartet West-bandet oppstod i 1987 og hadde som programerklæring å via seg til jazzstandardar kjent frå filmar frå 30 og 40-talet. Ernie Watts og Alan Broadbent har vore med heile vegen, medan Rodney Green erstatta Larance Marable på trommer. Quartet West går stille i dørene. Ikkje store fakter. Dei som hadde venta ein konsert med høg tempratur og heftig temerament, hadde lest feil på varedeklarasjonen. Når det likevel blei ein nedtur skuldast det at musiseringa til dei fire var prega av likesæle. Ingen tok tak i dei sparesomme meldingane som etterkvart kom, og nerven i samspelet var og vart fråverande.
Etter ein god halvtime fann eg ut at eg skulle sikra meg orkesterplass til Tore Brunborgs ”Scent of Soil”. Lurt val. Brunborg har skrive musikk og vokalist Kjerst Huke har skrive tekstane (med unnatak av ein Emily Dickinson-tekst) til det dei har kalla ”Lukt av jord”. Titlane og det eg oppfatta av tekstane kunne tyda på ein tematikk som kretsa rundt det fysiske, det stofflege, det jordnære, men også forvaltaransvar og miljø-utfordringar. Sjølv om Huke slett ikkje har uklar tekstuttale, så er det vanskeleg å få med seg tekstinnhaldet ved førstegongs gjennomhøyring. (Hadde teksthefte på stolane vore ein idé?) Petter Vågan, gitar, Rune Nergaard, bass og Gard Nilssen, trommer utgjorde resten av bandet. Det er ein kunst å plukka gode medmusikantar. Den kunsten kan Brunborg. Musikalsk var dette eit stykke frå standard Brunborg. Label under indie rock, kunne det gjerne stått i programmet. Sjølv om nokre komposisjonar hadde ein faretruande lik oppbygnad, og enkelte overgangar var litt ufikse, så er dette for lommerusk å rekna. Det blei ein god time som svinga frå det vare, lyriske til det kraftfulle og valdsame. Ein samspel som til tider slo gneistar og solistiske bidrag av ypperste klasse. Petter Vågan tok oss med på country-tur som berre Frisell eller Gary Burton på sitt beste kan. Gard Nilssen har full kontroll og er vegvisar, innpiskar og fargeleggjar på ein gong. Nergaard gjorde på glimrande vis kompet komplett. Kjersti Huke er ei urkraft. Det er noko nøkternt over uttrykket til Huke, men i den dynamiske musikken så merkar ein at Huke har så uendeleg mykje å gå på, og når ho ei sjeldan gong legg inn ein liten referanse til r&b-verda så er det med subtil timing og nerve. Nemner ein i tillegg at Tore Brunborg spelte på heile registeret, og i dag framstår som ein av dei mest interessante saksofonistane i dagen jazz, så er det meste sagt.
Eg hekta meg på trioen Needlepoint eit stykke ut i konserten. Debut-CDen ”The Woods Are Not What They Seem" har eg ikkje fått gjort meg kjent med, men musikarane Bjørn Klakegg, gitar, Nikolai Hængsle Eilertsen, bass og Thomas Stønen, trommer høyrer til alle med i norsk jazz sin første-11. Her var mykje rett på sak blues med ein back beat som du sjeldan høyrer frå Strønen, men det blei aldri konformt, aldri keisamt. Eilertsen som i Elephant9-samanheng utgjer eit bastant tandem i lag med Torstein Lofthus, utmerka seg her med eit på-tå-hev samspel med Klakegg der Strønen følgjer dei to som skuggar. Strønen varta elles opp med eit trommespel så drivande og viruost at berre ein Nilssen-Love gjer han det etter her på berget. Ein og annan næringsminister har klaga over slunkent innhald i verktøykassa. Dei må vekeleg misunna Bjørn Klakegg. Der snakkar ein om skikkeleg verktøykasse. På ekstranummeret er dialogen mellom Klakegg og Eilertsen på sitt mest interessante. Då slepper bassist Eilertsen seg laus og set eit punktum så blekket sprutar. Litt synd at Needlepoint delvis overlappa Motorpsyko/ Supersilent. Det blei ganske glissent på danskebåten Pentagon etterkvart. Både trioen og publikum hadde fortent betre. Kanskje noko festivalen bør skriva på blokka til oppsummeringa?
Attende til Fraktgodsen og Jazzmob. Bandet er i praktslag, og den eine kjenning etter den andre blir servert. Ikkje til forkleinelse for dei andre medlemmene, men den som strålte over alle var ein Gisle Johansen i knallform. Hans kor på ekstranummeret blei kveldens høgdepunkt. Krystallklare idéar og virtuos ornamentikk med ein progresjon som om det skulle vore komponert. Slike augneblinkar lever ein lenge på!
Danske Afenginn har skapt seg eit namn i world music-krinsar. Miksen av Klezmer, Balkan og dansk spelemannstradisjon har tydlegvis falle i smak hjå heimepublikummet. Det kan henda at omstenda ikkje var dei beste, men Afenginn blei ein definitiv nedtur. Alle dei kjende verkemidla var i bruk – breaks, tempo og taktskifte, dynamikk, men der ein skulle venta drive og drama blei det ørkeslause repitisjonar i teatral innpakking. Kanskje dei tar ein Nortug, og får ei formutløysing i kveld?
Side Brok i XL-format hadde eg ikkje spesielle forventningar til. Fan av Ørsta-gjengen har eg vore heilt sidan eg høyrde dei på Urørt-sidene til P3 for mange år sidan, men konseptet kunne innpassast nytt format, var eg meir tvilande til. Side Brok XL feia all tvil til sides. Elegant sameinte dei opphavet r&b med lausungen hip hop. Med ei speleglede av pandemisk natur og den vesle ironiske distansen intakt, tok dei eit feststemt festivalpublikum med storm. Betre kan ikkje opningsdagen på Vossa Jazz enda.
Tekst: Lars Mossefinn
|