|
Surman og Krog hadde avlyst den diskusjonen i år allereie i utgangspunktet med å kalla ’verket’ ”Songs about This And That”...’and some other things,” som Surman sa det frå scenen før dei drog i veg med samba’en ”Kalahari”.
I tillegg til Surman ymse treblås og Krog på vokal og elektronikk hadde dei med seg Bjørn Klakegg på gitar, Ivar Kolve på vibrafon, Magne Thormodsæter på bass og Stein Inge Brækhus på trommer. Ei intelligent instrumentering som kledde dei 11 songane perfekt. Hyggeleg er det for det regionale musikklivet at lokale musikarar får vera med på eit slikt prestisjefylt oppdrag, men berre slik at det er pressisert – dei tre Bergensbaserte musikarane kom ikkje inn på ein distriktskvote. Dei fylte skoa og vel så det.
Med opningslåten sette dei standarden. Teksten handla om det livsnaudsynte vatnet ”... that can change the dessert into green”. Standarden sette Surman også med sopransaks-koret sitt. Med dei mange små fengande figuarane som er ein slik sentral del av Surman som improviserande musikar løfta han musikken frå første stund. Også Krog glitra frå første strofe i ein låt som viste hennar kjensle for ”time” i raske tempi.
Dei følgde opp med ”Under The Cherrytree Peace May Be Found” som i følgje Surman bygde på ein japansk folkemelodi. Thormodsæter leverte introen og Kolve presenterte temaetmedan Surman på bassklarinett og Klakegg på gitar tok seg av det solistiske. Gitaren til Klakegg song til tider som ei japansk fløyte. På beste skulelærarvis introduserte Surman dei ulike songane og sa noko kort og velvalt om dei. Så også på tredje songen – ”The Question Song” – ein song om å søkja og ta utfordringar. Krog her litt for sterkt bunden til tekstheftet, men med ein aldeles nydeleg sopransaks-solo av Surman. ”Circle Song” handlar om at uansett kvar ein tek vegen har ein ein tendens til å hamna attende der ein kom frå.
Bandet minus trommer følgjer temaet medan Brækhus susar avgarde i dobbelt tempo. Klakegg set an B-delen og dei går inn ein friare kollektiv improvisasjonssekvens der Krog er med på leiken og dei vender attende til tema, og det tonar ut i ”Always in a circle, flowing in a stream”.Brækhus introduserer ”The Rain Song” med delikat trommespel. Surman er solist på baritonsaks og Kolve serverer sitt mest knistrande bidrag på denne låten. Om Krog fall litt i stavar over det vakre spelet til Kolve, veit eg ikkje, men det ville vel ha vore ei plausibel forklaring på at ho ikkje kom inn rett då dei vende attende til temaet, men som dei proffane dei er var alt på stell i løpet av brøkdelen av eit sekund. Konsertens tour de force kom med ”The Pebble Song”, tileigna barnebarnet til Krog, Thea. Strykebass, vibrafon og gitar set an ein rubato intro som blir vidareført. Krog leverer versa på dette bakteppe før Surman set an grooven og det tek laust for alvor. No spelar Surman på heile registeret og med sirkulasjonspusten kan han berre pøsa på. Til tider høyrest han ut som ein klarinettist i eit bulgarsk folkemusikkensemble. Krog følgjer på med elektronisk bearbeidd vokalimprovisasjon.
Den mest krevande komposisjonen og det desiderte høgdepunktet i konserten så langt. Krog kom over ein indonesisk folketone då ho for ein del år sidan song på ein jazzfestival i Djakarta. Ikkje overraskande blei songen heitande ”The Indonesian Song” kva den handla om skal vera usagt fordi Krog framførte teksten på lokalt tungemål – indonesisk eller javanesisk(?) Klakegg serverte eit nydeleg melodisk kor som bevega seg tett rundt temaet. Utan nærare introduksjon tok Kolve oss elegant og mollstemt over i ”The Moonlight Song”. Her er Surman solist på sopransaks. Koret tek han elegant over i eit mellomspel før stafettpinnen blir gjeven til Kolve. Heilt i tråd med teksten om måneskinn og overtru får låten ein Hollywood’sk finale. ”It’s nicer to be happy if you have been gloomy before” Slik introduserte Surman ”The Happy Song”. Bossaen byrja litt melankolsk for så å bli det tittelen lova – happy! Krog serverte inspirert scat-song resten av bandet følgde på med inspirerte kor. Låten enda elegant med bassklarinett og vibrafon i unisont samspel.
Konserten blei avslutta med ”The Monkish Song” med referanse til ”In Walked Bud” (?). Låten kunne ha vore skriven av Monk (A-delen) og Lennon/ McCartney (B-delen), og var nett så catchy som eit avslutningsnummer skal vera. Surman friskt ute på baritonsaksens øvre register. Avslutningsvis tok dei han over i ein swingversjon. Gret nok å spela show stopparen når showet likevel skal ta slutt! Ståande applaus til eit ’verk’ som var variert, velskrive og framført med stor overskot. Lyden var gjennomgåande god sjølv om Klakegg i ein del ensembleparti blei gøymt vekk i miksen. Det blei retta opp når P2 vil senda konserten. Såfår ein vona at nokon kjenner seg kalla til å få dette bandet ut på vegen.
Lars Mossefinn
|