|
STEIN UTHEIM VANN VOSSAJAZZPRISEN
VOSSA JAZZ 2010: Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren. Årets prisvinnar har i mange år markert seg som ein solid utøvar, med ei allsidig verksemd innanfor mange sjangrar. |
Årets prisvinnar er ein av våre finaste instrumentalistar. Gjennom sine eigne prosjekt har han vore sentral i landsdelen i mange år. I sitt samarbeid med ein annan ung artist (songaren Mari Kvien Brunvoll) har prisvinnaren etter juryen sitt syn funne noko av det vakraste i jazzen. Den 23. Vossa Jazzprisen går til trollmannen på strenger, Stein Urheim.
Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland Fylke. Prisen er på kr. 25.000,- samt eit innramma trykk av årets Vossa Jazz-plakat, ”Møte med veggen” av den lokale fotografen Vidar Herre. Stein Urheim blei skikkeleg teken på senga, og framførte ein kort og heller usamanhengande takketale, men ord og kroppsspråk etterlet ikkje tvil om at det var ein rørt og takksam prisvinnar. |
|