VOSSA JAZZ SUNDAG
flat_earth 

FLOTT AVSLUTNING PÅ VOSSA JAZZ
VOSSA JAZZ SUNDAG: Etter Jazzintro, som er omtalt som eiga sak, var det duka for solopiano med maestro Bobo Stensson. Osasalen er perfekt ramme og Yamaha C7 duger i mangel på Stainway. Stensson har ein totaloversikt og teknikk i tillegg til noko melda. I frå første takt av opningsnummeret Waltz from Sweden er ein vilkårslaus med på ferda til Stensson.

Hyggeleg gjensyn med Andy Sheppard som har vore på Vossa Jazz med eigne band i 1990 og 94 og med Bergen Big Band og Carla Bley og Steve Swallow i 1996. I år var han attende med eigen kvartett for framfra musikk henta frå ECM-utgjevinga "Movments in Colour". Den CDen har også med Eivin Aarset på gitar, men han var ikkje med ved dette høvet. Likevel fungerte repertoaret flott i kvartett-drakt. Som tittelen på CDen indikerer er titlane henta frå kjende verk innan bildande kunst som Sheppard har eit nært forhold til. Spesielt vellukka var opningsnummeret "La tristesse du Roi" (Matisse, 1952). Sheppard viste her fram sin unike evne til formulera heilskaplege improvisasjonar over lengre musikalske strekk. Også "Bing" (etter Chen Rou?) fungerte glimrande i kvartett-samanheng med eit fot-i-hose samspel mellom Arild Andersen på bass og Kuljit Bhamra på tabla med John Parricellis karibiske gitarlinjer svevande over.

 

Etter 45 minuttar Sheppard & co, tok eg turen innom Mike Manieri og Northern Lights. Eg kom inn på den vakre indianske "kanada" før dei gjekk over i ein reggae-versjon av "Nature Boy" der kveldens modus operandi etterkvart avteikna seg. Bugge Wesseltoft og Audun Kleive var tydeleg i det leikne hjrnet, og fekk både Bendik Hofseth og Lars Danielsson med åp leiken. Ut over i konserten blei Mike Manieri litt som spikaren i suppa, men likefullt ei hyggeleg stund i Vossasalen.

 

Vossa Jazz skal avsluttast på Fraktgodsen med ei musikalsk overrasking. I fjor var det Andy Emlers Mega Octet som stod for bragda. I år hadde oppdraget ågtt til det belgiske storbandet Flat Earth Society (FES). Drivkraft i bandet er komponist, arrangør og klarinettist Peter Vermeersch. Han tok i 1998 initiativet til bandet og skriv det meste bandet framfrer. Bandet inngår i ein europeisk store band-tradisjon som inkluderer nederlandske ICP, Pierre Dørges New Jungle Orchestra og Italian Instabile Orchestra. Musikken spelar i stor grad på humor, og gjer ein del Zappaske vendingar som held publikum på tå hev. I tillegg er det nokre fine solistar i bandet m.a. vibrafonist og klarinettist Tom Woijters. FES leverte i pakt med tradisjonen, og sette eit verdig punktum for den 37. Vossa Jazz ein festival greit over gjennomsnittet!

 

Lars Mossefinn