|
I tillegg til alle dei store stjernene innan jazz, soul og blues, vartar festivalen opp med ein underskog av interessant, moderne jazz. I år hadde dei valt spikarteltet ”Missouri” som arena for ein konsertserie dei kalla ”Global Brooklyn, NY”. Tittelen er for såvidt sjølvforklarande. Det handlar om eit kreativt musikarmiljø i bydelen Brooklyn som har innflyttarar frå ulike verdshjørne. Først ut var bassisten Todd Sickafoose sitt prosjekt ”Tiny Resistors”. Sickafoose er vel best kjent som mangeårig bassist med Ani DiFranco og som leiar av bandet Blood Orange. Her med ein kvintett med John Ellis, saks, Adam Levy, gitar, Henry Hey, piano og Ted Poor, trommer. Konserten blei prega av ein del komposisjonar (av Sickafoose sjølv) som ikkje engasjerte, men til tider strålte bandet med ein glitrande John Ellis i front.
Ein heilt anna musikalsk djupn var det å finna i John Escreet Project. Musikken til den engelske pianisten Escreet (som no bur i Brooklyn, sjølvsagt) er kompleks og til tider gjennomarrangert. Altsaksofonisten David Binney hadde også rollen som 2. tangentførar medan Eivind Opsvik og Nasheet Waits utgjorde eit formidabelt komp-tandem. Det var ikkje mangel på interesse for Escreet, men det faktum at residerande musikar Ornette Coleman baud inn til konsert 15 min. seinare som gjore at eg ikkje sat konserten ut. Escreets siste CD ”Don’t Fight the Inevitable” toler mange gjennomhøyringar. Musikken fungerer faktisk vel så godt live.
Den tyrkiske gitaristen Timuçin Sahin er også ein av dei som gjer Brooklyn global. Sahins teknikk er udiskutabel, og påverknaden frå Marc Ducret er meir enn tydeleg. I bandet merka me oss trompetar Ralph Alessi. Eg spurte ein kjent festivalarrangør om me skulle ta turen å høyra på Sahin. ”Well, he’s a little bit busy for my taste”, var unskyldningen for å stå over. Etter ein halvtime i selskap med Sahin erklærte eg meg samd med min tidlegare kollega.
Kvelden store overrasking kom med kvartetten Rudder. Chris Cheek, saks, Henry Hey, tangentar, Tim Lefebre, bass og Keith Carlock har individuelt fartstid med alt frå Steely Dan og Rod Stewart til Bill Frisell og Charlie Haden. Saman er Rudder den mest funky kvartetten på planeten som driv musikalk gjørmebryting på sitt mest sofistikerte.
Det blei mykje Global Brooklyn første kvelden, men det kom ikkje i vegen for eit hjarteleg møte med Ornette Coleman. Legenden er artist-in-residence, og første prosjekt hadde tittel ”This Is Our Music Now”. Det blei ein underleg konsert der den gamle meister strålte frå børjing til slutt. Sonen Denardo var sjølvsagt med på trommer, Al MacDowell (frå Prime Time-tida) spelte sin gitarlikande bass, Tony Falanga var kontrabassist (og kapellmeister?) før Charlie Haden entra scenen. Joshua Redman var femte hjul på vogna, men trass noko underleg repertoarval og ein del musikarar som strengt tatt ikkje hadde trengt å møta opp, så blei dette Ornettes aften. Når ein strålande opplagt Chalie Haden sette i gang ”Lonely Woman”, var alt som det skulle vera. Haden tillet seg også å leggja inn eit lengre sitat frå eitt av spora på ”Rambelin’ Boy”. Medan me er i avdelinga for musikarar som nektar å ta steget opp på sokkelen enno, så kan det også vera på sin plass å nemna Lee Konitz – i selskap med Ethan Iverson, piano, Ben Street, bass og Jorge Rossy, trommer. Ein surrealistisk vakker versjon av ”Cherokee” avslutta ein konsert som fekk ståande ovasjonar.
Inni mellom alt dette fekk meldaren også tid til å konstatera at Pat Metheny Group leverer førstesortering og at det gamle repertoaret toler gjenhøyr. Mest overraskande var likevel Tower f Power. Dette er vanlegvis ikkje musikk eg lyttar særleg mykje på, men her fungerte det så til dei grader på alle vis, og publikum gjekk omtrent bananas. Artig.
Heilt til slutt skal eg koma med nokre trøystens ord til Ekstremsportveko på Voss. For nokre år sidan skulle dei ha Earth, Wind & Fire. Det viste seg at dei hadde kjøpt Al McKays versjon av bandet. Samme kan det vera, for bandet kom aldri til Veko, verken den pantentvera eller kopiisten. Veko skal prisa seg lukkeleg. EW&F anno 2010 er patetisk. Eit godt påskot til å ta taxi attende til hotellet.Lars Mossefinn
|