NORTH SEA DAG 2
braam_dejoode_vatcher
BRAAM/DEJOODE/VACHTER + SCLAVIS = SANT!
NORTH SEA DAG 2: Dag to på North Sea Jazz blei ein test på eit heilt nytt konsept – jazzfestival og badstu. Heten på Ahoy-senteret var mest ikkje til å bæra. Klokka 21.00 gjekk det som det måtte gå – lyn, torden, himmelen opna seg og i løpet av ein time hadde regnet stengt utandørsarenaene. Meterologi er meir pop enn jazz, men dette er Jazznytt, så – til musikken. 

I går gløymde eg i farten å nemna at Albatrosch leverte ein fin konsert i det intime og avsondra rommet Volga. Serien Global Brooklyn, NY held fram. Cologne Contemorary Jazz Orchestra hadde fått med seg den canadiske komponisten, arrangøren og orkesterleiaren Darcy James Argue. Argue er blitt lagt merke til. CDen frå i fjor ”Infernal Machines” med bandet til Argue, Secret Society hausta lovord frå eit samla kritikarkorps. Komposisjonane til Argue er komplekse, men fortel ei soge. Den raude tråden er ganske lett å følgja. Bandet frå Köln gjorde ein god jobb sjølv om ein og annan passasje mangla naudsynt klarleik og presisjon. Solistisk var det heller ikkje øverste hylle heile vegen, men i alt – Argue er ein spanande aktør å følgja. 

På min veg til Tord Gustavsen Ensemble gjorde ein u-sving innom fadosongaren Camané. Kanskje under andre omstende, men Camané rørte ikkje meg der og då. Eg kom til finalen på Tords konsert, men tids nok til å konstatera at han etter ein del år har opparbeidd seg eit relativt stort og entusiastisk publikum. Det var berre dei få, utvalde som fekk ståande applaus. 

Eg har hatt sans for Eric Bibb heilt sidan eg høyrde han tidleg på 70-talet. Han kom til Sverige på den tida (som militærnektar?) og budde der nokre år. Karrieren har fått eit oppsving frå sist på 90-talet og fram til i dag. Tekstane hans er enkle, poetiske, men til tider med ein moralistisk undertone. Stemma og fraseringa gjev eit opnare metabudskap. I selskap med eit halvt dusin gitarar fekk han Nort Sea-publikummet til å eta av handa hans. 

Gjennom trommeslagar Kenny Wollesen har altsaksofonisten Jonathon Haffner blitt introdusert til deler av NYs musikarmiljø som har gjeve han flust med jobbar og merksemd. Han har bandet Himalaya saman med Wollesen og har jobba i ulike Butch Morris-konstellasjonar. I tillegg har han jobba med namn som Bill Frisell, Jason Moran, Steven Bernstein, Medeski, Martin, and Wood, Uri Caine, Jim Black, Eddie Henderson, Chris Potter, Sex Mob og Cindi Lauper. Plata hans i frå i fjor haust ”Life on Wednesday” har også fått fine meldingar. I tillegg stilte Haffner med fantomlaget Marc Ducret, gitar, Craig Taborn, tangentar, Eivind Opsvik, bass og Wollesen og Nasheet Waits, trommer. Det blei ein hyggeleg halvtime i selskap med dette laget, men eg sat att med inntrykket at Haffner var spikaren i suppa. 

Kor vidt Steve Lehman Octets konsert regna vekk eller blei flytta til eit anna lokale, veit eg ikkje, men siste akt ute i Missouri-teltet var nok eit sterkt lag – Aron Parks, piano, Ben Street, bass og Nasheet Waits, trommer. Orkesterleiar var den 22 år gamle nederlandske altsaksofonisten Ben van Gelder – også han etablert i det same musikarmiljøet som har spelt på denne scenen på North Sea Jazz i år. Han held mellom anna på med ei plate saman med Street og Waits. Gelder serverer eigne låtar samt standardstoff. Gelder improviserer svært økonomisk og harmonisk avansert. Det minner til tider om ei kryssing av Steve Coleman og Lee Konitz, men også her var spikar-faktoren påtakeleg. 

Kveldens store kick blei møte mellom den nedelanske trioen BRAAM/DeJOODE/VACHTER og den franske klarinettisten Louis Sclavis. 45 min øving tidlegare på dagen og så gjer dei ein konsert som skulle tilseia at dette var eit gamalt samarbeid. No er pianist Michiel Braam, bassist Wilbert DeJoode og trommeslagar Michael Vatcher ei godt samansveisa eining men samspelet med Sclavis var overraskande tett Måten Braam og Sclavis presenterte temaene på bar alle teikn på langvarig samarbeid. Konserten var på alle vis variert med ein del solistiske bidrag frå Braam og Sclavis som får deg halvvegs opp frå stolen. Festivalens høgdepunkt så langt! 

Då får me heller leva med at ein av mine yndlingar frå World Music-scena Rokia Traoré med åra har gått frå eit akustisk til eit elektrisk uttrykk. Her er det ikkje skilt på barn og badevatn. Eg opplevde ein kompetent World Music-artist. Ikkje spesielt god oppleving. 
Lars Mossefinn