NORTH SEA 2010 3. DAG
japan 
JAZZ OG FOTBALL
NORTH SEA 3. DAG: Rotterdam og Ahoy-senteret var drapert i oransje. Festivalprogrammet var lagt om. Alt var lagt til rette for jazz og fotball. North Sea Jazz avslutta med eit stjernegalleri av artistar, men denne kvelden handla det først og fremst om Nederland – Spania. 

Katie Melua opna ballet 1,5 timar før opprinneleg plan, og ho leverte slik fansen forventa. Stanley Clarke Group inkluderte den kvinnelege japanske pianisten Hiromi. Det kan vel vera at Hiromi gjorde rett og skjel for seg før eg kom til konserten, men siste del var testosteronjazz på sitt absolutt verste. 

Det var delte meiningar om Elvis Costello i bluegrass-kostyme. The Sugarcanes var alle som ein velrennomerte musikarar i sjangeren – m.a. Jerry Douglas på dobro. Det svingte og groova slik bluegrass skal, men det er eit stykke att til dei er like hand i hanske som t.d. Union Station. 

Jaga Jazzist og Eivind Aarset forsvarte dei norske fargane på avlutningsdagen. Eit kvarter med Jaga fekk eg med meg, men heldigvis på eit tidspunkt der Mathias Eick serverte ein strålande trompetsolo. 

Moldepublikummet kan gle seg til 80-års jubilanten Sonny Rollins, og japanske Shibusa Shirazu (bildet) kjem til å sjarmera Molde i senk. Ein kakafoni av musikalske og visuelle inntrykk. Dette er kitsch på sitt mest påtrengjande. 

Karsu Dönmez er knapt fyllt 20, og blir av begeistra kritikarar kalla Nederlands svar på Norah Jones. Samanlikninga er forståeleg. Dönmez syng og spelar piano, og er like så biletvakker som Jones. Dönmez har absolutt noko å fara med. Gjerne eit gjenhøyr under andre omstende. 

Så var det fotball og Iniesta... og landesorg. Eg trøysta mine nederlandske vener med å seia at det trass alt var best at dei tapte fordi kan bera tapet med større verdigheit enn spanjolane. Argumentet stod der og då ikkje spesielt høgt i kurs. 

Er det noko som kan kurera gruff betre enn Steve Wonder? Neppe. Ein to timar lang hitparade der alt stemte med Supestition som klimaks. Med slikt i vente skulle eg faktisk vurdert Koengen. 

70 – 75.000 tilhøyrarar, mykje bra musikk og ein lyd og logistikk som berre blir betre med åra. Eit besøk i 2011 er ikkje utelukka. 
Lars Mossefinn