|
Anniken Huitfeldt stod også for den offisielle opninga av den 50. Moldejazz. I opningstalen hylla ho pionerane Kikkan, Plinga og Petter Petterson jr. Med Moldejazz kom verda til Molde. Kulturministeren la vekt på den overtydingskrafta som alltid hadde prega Moldemiljøet og dermed vore premissleverandør for ein ny politisk kurs på musikkområdet. Ho la også vekt på sambruket mellom profesjonell organisasjon og eit stort korps med frivillige.
Elles blei kulturministeren grundig presentert, og eg merka meg at Huitfeldt både har spelt i korps med Jarle Vespestad og var vore forkjempar for pizza med grov botn! Så var det tid for japansk performance på sitt mest surrealistiske – Shibusa Shirazu Orchestra. Å inkludera orchestra i namnet på truppen blir misvisande – dette er ei totaloppleving! Faktisk er buthodansen det mest fascinerande einskildelementet i framsyninga. Det var også fire buthodansarar som opna showet i ein minimalistisk sekvens der bandet etterkvart kom slentrande på scenen.
Så var det duka for 90 minuttar samanhengande show berre avbroten av eit rituelt publikumsfrieri av den mannlege vokalisten. ”This is not a concert. It’s a perty”, sa han på sitt ikkje heilt lytefrie engelsk. Presist nok. Dette er ikkje først og fremst ein konsert. Eg trur ikkje eg ville ha gått på konsert med det 13 person sterke bandet. Til det var både komposisjonar og arrangement for enkle og til tider substanslause, og solistane – som fekk masse plass – hadde ikkje altfor mykje å melda. MEN, det betyr ingenting. Her er det heilskapen som gjeld.
Buthodans er eit japansk etterkrigsfenomen der dansaren Tatsumo Hitjikata står sentralt. Dansen er både eit opprør mot gamle dansekonvensjonar og hangen japanarane hadde til å kopiera europeisk klassisk dansetradisjon. Det blir sagt at buthodansen undreg seg definisjon, og Shibusa Shirazu viste med tydelegheit det mangfaldet denne dansetradisjonen kan innehalda. Her stiller ein ut det groteske, det maniske, det tenksame og kontemplative. Elles var det tydeleg å sjå kor hen Peter Jackson har henta inspirasjon når han skapte figuren Gollum (Smeagul).
Kanskje den mest interessante dansaren i truppen var til tider skremmande lik denne Ringenes Herre-figuren. Shibusa Shirazu er eit mylder av små detaljar. Denne meldaren var tilstades på framføringa deira på North Sea Jazzfestival for åtte dagar sidan. Eg hadde ei mykje sterkare oppleving no enn då, og det skuldast rett og slett at makta å få med meg fleire av detaljane i den kaskaden av musikalske og visuelle inntrykk som denne framsyninga serverer.
Dette var Moldejazz si jubileumsgåve til publikum. Eg kan ikkje tenkja meg ei betre gåve. På vegne av eit fullsett og overbegeistra Romsdalsmuseum tillet eg meg å takka audmjukt for gåva. På kulturhuset regjerte in the country litt seinare på kvelden. Det har gått seks år sidan trioen, Morten Quenild, Roger Artzen og Pål Hausken, vann Jazzintro i denne byen. Mykje vatn har runne i havet sidan den gong. Bandet opna med ein folkemusikkinspirert låt og gjekk over i ”Hello Walt”, og allereie her var modus operandi sett. in the country har gjort det til eit varemerke å gå frå det vare til det sterke, men dei tek seg god tid. Dei legg inn breaks og små harmoniske omvegar og sidesprang på veg mot klimaks.
Så tek dei det heile ned att. Attende til utgangspunktet. in the country kan fortelja ei soge. Dei meistrar den store forma. Låten ”w.a.r.m” var i så måte eit godt døme. Denne blei elles eitt av fleire høgdepunkt med eit aldeles strålande samspel mellom Quenild og Hausken. Det som overraska meg mest med denne konserten, og eg har etterkvart høyrt ein del konsertar med trioen, var nettopp Hauskens dynamiske og på-allerten trommespel. Også vispespelet på ”White Out” var medrivande. ”White Out” er ein av desse pussige komposisjonane som manifesterer in the country som flinke historieforteljarar.
Det byrjar med bekymringslaus skitur i strålande sol for så i brøkdelen av eit sekund å bli kasta inn i dette meteoroligiske fenomenet white out der himmel og jord går saman i eit kvitt inferno. Like raskt som ein blei kasta inn i det, er ein attende til sol, ski og Kvikklunsj. Ein liten konsentrasjonsglipp gjorde at Quenild måtte ta omstart. Pytt, pytt! ”Can I Come Home Now?” er nok ein låt som fortel ein historie – frå turnélivet. Låten går frå det angstbiterske til det går nok bra til slutt... Med trioens sans for dramaturgi var det venta at ”Mother” blei avslutningsnummeret. Dei tre skal ikkje ha det på seg at dei er betydlege vokalistar, men Quenild manar fram ein Lennon’sk sårheit i denne låten. Det blei eit mektig crescendo der Quenild blendar elektronikk og akustisk piano på eksemplarisk vis.
Eg trur trioen blei litt rivne med for dei tok nokre ekstrarundar der sitronen allereie var skvisa til siste dråpe. Ein ørliten merknad i margen.Ekstranummeret måtte koma. Då fekk me eit nytt høgdepunkt med Roger Arntzens basskor i instrumentets øvre register. in the country har knekt det som er av kodar. Ein flying start på ein serie Rune Grammofon-konsertar på Kulturhuset.
Lars Mossefinn
|