MOLDEJAZZ 2010, TIRSDAG
rollins 
 DE GAMLE ER FORTSATT ELDST
MOLDEJAZZ 2010, TIRSDAG: Finalen i året Jazzintro fann stad i Forum i går ettermiddag. Ei standardformulering ved alle føregåande kåringar har vore – Juryen har hatt ei vanskeleg oppgåve. Aldri har det vore rettare enn i 2010. Ikkje berre fordi kvaliteten på dei fire finalistane var høg og jamn, men uttrykka var så ulike.

Motsol (Ståle Liavik Solberg – slagverk og Stine Janvin Motland – vokal) framfører musikk som må kunna rubriserast under friimpro. Eit uhyre krevande format og ditto besetning, men Motsol har funne ein balanse og ein rollefordeling som i sum gjev eit spanande uttrykk. Det er hypnotiserande å sjå og høyra Motland på scenen. Unnseleg men strålar av indre kraft. Uttrykksregisteret er stort som Gule sider – frå det nærast uhøyrlege til det valdsame. Liavik Solberg økonomiserte med verkemidla og var i sterkare grad hand i hanske enn når dei kvalifiserte seg under Vossa Jazz. 

Steinar Aadnekvam Quartet (Steinar Aadnekvam - gitar, Jonatan Guzman  – piano, Jo Fougner Skaansar  - bass og Anders Olsson – trommer) var eit heilt annan kopp te. Hodnekvam forelska seg i Brasil og det bar konserten i stor grad preg av. Han har hatt lengre studieopphald i Pernambuco, og til nokre av låtane hadde han henta inspirasjon derifrå. Særleg på Conrauaens Land (vonar me trefte rett frosk...) hadde Aadnekvam og Skaansar eit nydeleg duoparti. Også Hermeto Pascoal hadde fått sin låt. Her fekk ein servert skakke melodilinjer og eit mellomspel på piano i Hermetos ånd. Høgdepunktet var likevel ”All These Flies”. På gitarbreaket høyrde ein formeleg flugesvermen, og Skaansar hadde eit basskor som førte minna attende til ei ung utgåve av NHØP. Mykje fint, men samspelet kunne nok vore tettare. 

FairFist (Eva Bjerga Haugen – vokal, Gunnar Hågbo – saksofoner, Jan K. Hovland  – piano, Theodor B. Onarheim – bass, Bendik Andersson – trommer) er Stavangerbasert. Dei opna med ”Knit Me Naked”. Ein artig låt med masse taktskifte og eit arrangement som blei strøkent gjennomført. Det halta litt på ”Hubro”, men baladen ”Quietly” hadde eit minimalistisk arrangement og eit melodisk barytonsakskor. Dei avslutta med ”Raging Duck” der Hovland serverte eit pianokor i beste Jan Johansson-tradisjon. Her fekk også Haugen vist sine suverene fraseringsevner. FairFist framstod som særs godt samspelte med eit ekstrapluss i margen til trommelagar Andersson. 

Duoen Ferner/ Juliusson (Per Arne Ferner – gitar og Per Gunnar Juliusson – piano) har base ved Det rytmiske musikkonservatoriet i København. Repertoaret er også her sjølvkomponert. I dette tilfelle verka musikken veldig gjennomarrangert med impulsar frå ulike retningar klassisk musikk. Dyktige musikarar som innleiingsvis gav seg sjølve lite rom for improvisasjon. Det løysna litt på ”The Road May Be Long to Boding” der Ferner serverte eit delikat strekk på slidegitar. På avslutningslåten ”Milla Dates with Density” løyste dei ytterlegare opp, og igjen var det Ferner som imponerte på gitaren. Eg er glad eg ikkje er i juryen.

Etterkvart har eg vel følt meg fram til ein favoritt, men vel å halda det for meg sjølv, men i forkant av Sonny Rollins-konserten kom avgjerda. ...., and the vinner is: Ferner/ Juliusson. 

Grunngjevinga frå juryen (sitert etter festivalavisa Fire flate): Vinneren av Jazzintro 2010 har et intuitivt rytmisk og tonalt samspill. De improviserer over komplekse komposisjoner og mikser det bluesorienterte med europeisk kunstmusikk. På tross av et lite format har disse musikerne et stort potensiale. I tillegg har de sjarmerende, humoristiske låttitler. (Jury: Musikarane Karin Krog, Helge Lien, Frøy Aagre, John Pål Inderberg og dagleg leiar i Norsk jazzforum, Tore Flesjø. Sistnemnde juryleiar.) 

Vinnaren av årets Jazzintro får ei turnépakke hjå Rikskonsertane verd nokre hundre tusen. I tillegg stiller Gramo me arbeidstipend på kr. 100.000,-. 

Det er ikkje noko som heiter dårleg ver, berre du har Sonny Rollins. Tysdagens ettermiddagsmøte med saksofonlegenden høyrer til kategorien konsertar du kan skriva rett inn i festivalsoga med gullskrift. Det er hyggeleg når ikona leverer. På festivalen i fjor var det Cecil Taylor som skapte euforisk begeistring. For ti dagar sidan høyrde eg Ornette Coleman på North Sea Jazz i Rotterdam. Også han vitalt tilstades på scenen. På den 50. Moldejazz er det Rollins tur til å imponera. 

Ofte nok har eg opplevd det motsett – såkalla jazzlegender som er slitne etter veker på turné med daglege reiser på 8 – 10 timar, eller fysisk så reduserte at dei skulle hatt høve til å pensjonera seg forlengst. På scenen er desse ofte ein karikatur av seg sjølv. Så ikkje med 80-åringen Sonny Rollins. Dårleg til beins er gamlefar, men lungekapasiteten og – ikkje minst – assosiasjonsevna er tilstades i fullt mon. 

Han opna med ein blues der Rollins med ein gong viste at han meinte alvor. Eit kor som strekte seg over mest 15 min! I Ellingtons ”I’m Getting Sentimental over You” sleppte han til både gitarist Peter Bernstein og mangeårig kollaboratør, bassisten Bob Craneshaw. Særleg førstnemnde gjorde inntrykk. 

I calypsoen som følgde var det igjen Rollins i førarsete etter å ha gjeve perkusjonist Sammy Figuroa litt rom. Å utvikla interessante improviserte forløp over så enkle harmoniske strukturar er ikkje alle forunt. Miles Davis meistra kunsten, og Rollins har vore og er framleis state-of-art. Bersteins freistnader jamført med Rollins bidrag illustrerte dette med krystallklar tydelegheit. Falling in Love is Wonderful (Annie Get Your Gun) gav oss balladetolkaren Rollins, så også den italienske folkelege melodien ”Serenade”. Her var det tid for sitatkunstnaren Rollins å briljera. Når me trudde at Rollins hadde spelt ut alle sine kort avslutta han – logisk nok – med ”Don’t Stop The Carneval”. Om opningskoret var imponerande nok, så blei dette ein tour de force i improvisasjonskunst som ingen gjer Rollins etter, og det gjer 80-åringen etter ein og ein halv time på scenen! 

Ein kan gjerne seia at bandet til Rollins er som det nordtyske landskapet, men det handlar om Rollins og berre Rollins. Det var meir enn nok. Synd då at så få publikummarar hadde funne vegen til Romsdalsmuseet. Ikkje berre veret må ta skulda. Førehandssalet var ikkje all verda. Kanskje tilskiparen må innsjå at denne typen jazzuttrykk, sjølv med Rollins som formidlar, ikkje har eit større publikum enn at Bjørnson-huset er naturleg arena?
Lars Mossefinn