MOLDEJAZZ 2010 ONSDAG
 street_parade

PÅ TROSS AV REGN
MOLDEJAZZ, ONSDAG: På festivalens tredje dag regna det nesten utan opphald. I Ketil Bjørnstads musikalske verd skin alltid sola. Bjørnstad annonserte i eit intervju med festivalavisa Fire flate at musikken i Antonionisuiten var meir harmonisk komplisert enn det han hadde komponert tidlegare. Mogleg det, men då må ein samstundes leggja til – alt er relativt. 

ECM har tidlegare gjeve ut to CDar som er ei hylling til kjende filmskaparar, italienske Pier Paolo Pasolini og russiske Andrej Tarkovskij. Bjørnstads suite i 12 deler er tenkt å bli den tredje i rekka. Michelangelo Antonioni har med verket til Bjørnstad fått ei monumental musikalsk hylling. Urframføringa fann stad i Bjørnsonhuset, og komponisten og pianisten hadde samla eit stjernelag rundt seg. Anja Lechner, cello, Andy Sheppard, saks, Eivind Aarset, gitar, Arild Andersen, bass og Marilyn Mazur, trommer.

Bjørnstad kan storforma. Du treng ikkje sjå på klokka eller telja suite-deler for å merka når det ber mot klimaks og avrunding. Undervegs hadde alle fått sagt sitt, og me merka oss spesielt ein samklang mellom saks og cello som gav gåsehud. Også eit vanvittig fint oppbygd trommekor høyrer med til detaljane det er verd å merkja særskilt. Dei melodiske showstopparane som ein kjenner m.a. frå ”Grace” finn ein ikkje i Antonionisuiten, men at dette blir plate, ja, det er sikkert.

Det vakre er så mangt. Frå Bjørnstad til Gunhild Seim er det nokre musikalske sjumilssteg, men båe formidlar det vakre. Seim og hennar Time Jungle er sikkert eit nytt bekjentskap for den gjennomsnitts interesserte jazzlyttar. Dei som er noko meir på innsida, merka seg den siste utgjevinga deira ”Morpho”. Ein av dei beste utgjevingane i fjor.

Gunhild Seim, trompet, Arild Hoem, altsaks, John Alan Lilja, bass, Dag Magnus Narvesen, trommer, Odd Børge Sagland, marimba og perkusjon hentar inspirasjon frå Ornette Coleman og Don Cherrys musikalske univers og Seims komposisjonar har ofte ein nærast naivistisk venleik over seg. Musikken blir framført med ein ro og ei overtyding som grip lyttaren med ein gong. Spesielt konsertens første del med kvartett (utan marimba) var formfullendt. Sjølv om sistnemnde instrument gjev lydbilete ein spanande dimensjon som kler musikken til Seim godt, blei den delen av konserten litt mindre fokusert, men bevares – dette var til å bli glad av. Me toler nok ein dag med regn etter dette.

Lars Mossefinn