MOLDEJAZZ 2010 TORSDAG
takase_eberhard 
JAPAN, BERLIN, FRÆNA OG HEILE VERDA
MOLDEJAZZ, TORSDAG: Tusen personar hadde gjort avtale med Vår Herre i domkyrkja kl. 13, og i god tid hadde dei stillt seg i kø. Ein kø som gjek heilt ned til Dahls bokhandel. ’Stedlig’ representant ved dette høve den guddommelege Bobby McFerrin. Femten minutt over tida var han i gang. 

Han byrja med noko som kunne vera ei afrikansk vise som han utvikla med basslinje og perkusjonsgroove. Stemmeregisteret spenner over fire oktavar og skifte mellom fasett og vanleg song i det lågare registret skapar ein polyfon kjensle. McFerrin har innebygd harmonizer. Tempoet og presisjonen i denne vekslinga har sikkert sett grå hår i hovudet på mang ein sangpedagog, men faktum er at det blir vakker musikk av det. Det er heller ikkje så mange forunt å integrera i musikken ein klår bodskap til overivrige fotografar – ”Stop, please, Stop”. 

McFerrin var i det blå hjørne og serverte ein ubetaleleg versjon av Sweet Home Chicago der han spelte på heile vokalregisteret i ein jodlesekvens. Så kom sjølvsagt Lennon/ McCartneys Blackbird der temaet, eller brotstykker av det, kjem som knock outs i ein samanhengande tekst. I låten Drive (?) demonstrerte han polyfon song med å leggja mic’en ved strupehovudet. 

Ikkje ein konsert med Bobby McFerrin utan at publikum blir dratt med. Heldigvis høyrdes det ut som heile korrørsla i fylket hadde møtt opp. McFerrin fekk det lett. Ikkje berre engasjerer han publikum kollektivt. Fyren fekk forventingsfulle ungjenter opp til å syngja duett med han. Jamvel om eit par av jentene fekk jarnteppe der og då, så har McFerrin eit så makelaust lag med folk at han fekk dei frampå. Hadde McFerrin vore tannlekjar, hadde han fått pasientane til å gle seg til rotfylling!  

Høgdepunktet kom på den tiande låten. Bak i kyrkjeskipet høyrde ein eit prøvande ”Hello”. Eldbjørg Raknes! Dei utvikla ein call-and-respons medan Eldbjørg vandra fram mot scenen. Dei utvikla eit improvisert musikalsk forløp med utgangspunkt i ei felles fonetisk fantasiverd. Nett då kunne konserten ha slutta for min del. Eg var klar for kyrkjekaffi. McFerrin heldt det gåande i ein halv time til. Ikkje keisamt eitt sekund, men det var møte med Eldbjørg Raknes som var magi. Lakkmustesten på ein god festival er om ein har nokre slike augneblink der tida står stille. Me er midt i festivalen. Moldejazz 2010 ligg godt an takka vere to vokalistar – ein frå New York og ein frå Midsund. 

Japanske Aki Takase (62) har vore oppteken av fleire av jazzens stilskaparar. Sist eg høyrde henne, var musikken til Fats Waller i fokus. Konserten på Forum torsdag ettermiddag med den tyske altsaksofonisten og klarinettisten

Silke Eberhard gav oss eit godt dusin Ornette Coleman-komposisjonar skrivne i tiårs perioden 1958 – 68. Me fekk mellom anna høyra Lonely Woman, Beauty Is A Rare Thing, Eventually og Una Muy Bonita. Takase og Eberhard formidlar Colemans musikk med stor respekt for utgangspunktet, men dei to musikarane set sitt svært personlege preg på musikken. Takase sitt pianospel er ekspresivt og kraftfullt. Ventrehandsspelet til Takase imponerer. Eg merka meg ei Haden’sk basslinje undervegs. Stride-teknikken beherskar ho til fulle, og blues spelar dette vevre vesenet så rått og svart som blues skal spelast.

I Lonely Woman kompa Takase med båe nevane oppe i flygelet, men høgdepunktet var Takases solo på Una Muy Bonita der ho gjennomgåande spelte akkordar i båe nevar. Silke Eberhard (38) er eit fersk fjes for det norske jazzpublikummet, men ho er ein sentral aktør på den tyske jazzscenen. I komande månad er ho klar med ei innspeling av Eric Dolphy samla komposisjonar. Prosjektet har tittel Potsa Lotsa. 

Eberhard matchar Takases ekspressivitet. Ho svakt i i forrykande tempo der klaffelyden blir ein perkusiv effekt. Tonen i klarinetten er fyldig, rund utan nemnande hang til bruk av vibrato. Eberhard har full kontoll i den forrykande vekslinga mellom arrangerte og ad lib-parti. Konserten blei avslutta med at dei leika seg med eit knippe ping-pong ballar i flygelet. 

Tingingsverket Liarbird blei urframført på Trondheim jazzfestival tidlegare i år. Komponisten Ola Kvernberg hadde samla eit norsk superlag. Mathias Eick, trompet, Bergmund Skaslien, bratsj, Håkon Kornstad – saks, elektronikk, Ingebrigt Håker Flaten – bass, el-bass, elektronikk, Ole Morten Vågan – bass, bassgitar, Torstein Lofthus – trommer, Erik Nylander, trommer, perkusjon. 

I programomtalen frå Trondheim jazzfest heiter det:Ensemblet er bygd opp med grunnlag i to hovedprinsipper: symmetrisk instrumentering og utøvere som representerer to ulike estetiske tilnærmingsmåter. LIARBIRD har nemlig to trommeslagere, to strykere, to blåsere og to bassister. Klanglig og musikalsk oppstår det helt nye muligheter med en slik instrumentering. Musikere som vanligvis besitter sin rolle alene i ensemblet blir utfordret til å bruke instrumentet på nye måter. Ola Kvernberg har valgt sine absolutte favoritter blant friimprovisatører og melodikere. Spenningsfeltet mellom disse to gruppene har sjeldent blitt fokusert på i jazzhistorien, og er en av mange grunner til at møtet i Verkstedhallen kan bli vårens mest fryktøse, rå og vakre opplevelse.  

Det var sikkert bra i Trondheim. Eg var ikkje tilstades, men i Kulturhuset i går kveld sa det klikk og dei føresetnadene og vonene komponisten hadde til prosjektet blei innfridde til dei grader. Så hadde ensemblet blitt utvida med Joshua Redman. Det tok skikkeleg av allereie frå andre låt Boob – ein orientalsk inspirert låt i 7/4. Her fekk me Håkon Kornstad på fløyte med saksmunnstykke,

Joshua Redman spelte eit kor svært trugen mot det musikalske utgangspunktet, og Ola Kvernberg tok det så langt det er råd å gå. Det vesle minuset var ein mystisk slutt på låten. Låten etter hadde ein klar referanse til sigøynermusikk. Vakker intro av Vågan der Kvernberg og Skaslien etterkvart kjem inn. Redman leverer ein fin solo i eit lettare kaotisk lydlandskap. Det var sant å seia ikkje heilt enkelt å få med seg detaljane her. Så blir tempoet dobla og dei to trommeslagarane byrjar å koka i hop. Eick leverer eit av kveldens sterkast kor. Redman følgjer opp, og igjen går Kvernberg utanpå det meste, men solistar – tilgje meg.

Det handla om rytmeseksjonen. Eg har aldri høyrt to trommer og to bassar som fungerer så glimrande. Tankane gjekk attende til Spanish Key på legendariske Bitches Brew. Nemnast må også Håkon Kornstads to solistiske kraftprøvar. Så fullstendig ulike men likefullt djuptloddande og hypnotiske. 

Kvernberg har skrive spanande musikk og funne eit ensemble som fungerer optimalt. Høgdepunkt på Moldejazz 2010 – så langt!  
Lars Mossefinn