MOLDE LØRDAG
ipa 

DEN SISTE KRAMPA
MOLDEJAZZ LAURDAG: På festivalens siste dag er ein gjerne matlei dvs. musikklei. Då har ein lytta på musikk i over 25 timar i løpet av fem dagar. Eg søkte terapi hjå kvartetten IPA (Magnus Broo, trompet, Atle Nymo, tenorsaks og bassklarinett, Ingebrigt Håker Flaten, bass og Håkon Mjåset Johansen, trommer) på Reknes – det hyggelegaste lokalet på heile Moldejazz. 

Eg veit ikkje kva forkortinga IPA står for. Google tilbyr ei mengd løysingar – International Phonetic Alphabet, India Pale Ale eller individuell pensjonsavtale. Samme kan det vera. Kvartetten er det råaste som finnst i internasjonal jazz no om dagen. OK, det kan vera fleire som konkurrerer om denne tittelen, men IPA er definitivt ein kandidat. 

Etter konserten kom leiar for Vancouver Jazz Festival, Ken Pickering bort til meg og sa: ”This is the best set i’ve heard in four weeks.” Pickering møtte eg på North Sea Jazz. Han skulle då vidare til Nickelsdorff. Mannen må ha høyrt mest hundre konserttar den siste månaden. Ikkje dårleg attest til IPA. Eg skriv gjerne under på Pickerings ord. 

Kvifor er IPA så bra? Ein ting er komposisjonane ført i pennen av Broo (5) og Nymo (3). Dei er einskiltvis sterke, men totalt sett varierte. Ein kan merka seg den etnisk inspirerte ”Husquarna” og den samansette, lett ’Ornette’ske’ ”Ting” (der A og B-del står umåteleg fint til kvarandre). Båe er Broo-komposisjonar. Også Nymos calypso og Rollins-hylling ”Open Core” må nemnast i denne samanhengen.  

Det andre er at arrangementa og solistpartia er så fint integrert. Dette er ikkje ein såkalla ”blowing session”. Her skifter ein frå maks turtal til langsame rubatoparti i same låt og dei to hovudsolistane Broo og Nymo vekslar på rollane. Nettopp det at kora blir framførte i skiftande musikalske omgjevnader gjer at det aldri blir keisamt eitt sekund. 

Når ein i tillegg har eit av dei sterkaste bass/ trommer kombinasjonane i dagens jazz så er sjølvsagt mykje gjort. Mjåset Johansen og Håker Flaten fekk også sagt sitt på tampen i Broos ”Ting”. Denne låten blei også høgdepunktet på konserten. Den inneheldt absolutt alt. 

Det blei likevel ikkje feil å gå i Alexandraparken for å høyra Nightlights. Desse fem ungdomane frå Voss spelar med ein autoritet som mange ’proffe’ jazzmusikarar ikkje når opp til. Dei har knekt koden og spelar sitt 60-tals baserte repertoar med bravur. Nightlights er Elisabeth Lid Trøen (18), saks, Viljar Dyvik Sellevold (19), Terjai Kjerland Lienig (20) piano, Arne Toivo Fjose Sandberg (15) bass og Kim Christer Hylland (19) trommer. Alle har vore elevar hjå John Taylor i Voss jazzskule. Det skal bli moro å følgja musikarane i dette bandet framover.

 

Epilog

Moldejazz runda 50 festivalar i 2010. Berre jazzfestivalen i Ljubliana er eldre (1 år), så vidt eg veit. Jubileet blei markert i beste Moldetradisjon med sterk jazzprofil, mange spanande prosjekt og nyskapingar. Sjølvsagt står og fell mykje heilskapsinntrykket på at Artist-in-Residence gjer spanande ting, men med Nils Petter Molvær kan vera trygg – det blir bra. I tillegg til seks konsertar av Molvær, eller rettare – der Molvær inngjekk, har festivalen presentert JazZtipendiat-konserten med Magic Pocket og Trondheim Jazzorkester, Talentpris-konsert med Hedvig Mollestad, Shellpris-konsert med Steinar Raknes, Jazzintro og Ola Kvernbergs Liarbird. Konsertprogrammet på Forum, Reknes og Kulturhuset er gjennomgåande topp.

Moldejazz er under leiing av Jan Ole Otnæs blitt flinke til å skapa storhendingar av prosjekt som ikkje først og fremst er kjenneteikna ved høg kjendisfaktor. Underskogen av konsertar held også høg kvalitet og er ofte nye namn for eit norsk jazzpublikum. Det bør jo også vera slik. Molde har større statstilskot enn Kongsberg, Nattjazz, Vossa Jazz og Oslo jazzfestival tilsaman.

Hadde festivalen satsa sterkare på kjendisar på Romsdalsmuseet, kunne det blitt eit antiklimaks av eit jubileum. Regn fire av seks festivaldagar skapar dårlege rammevilkår for utekonsertar. No hadde eigentleg festivalen fleire konsertar der oppe enn nokon sinne, åtte stk, men dette var ikkje artistar på øvste hylle prismessig, og alle - med unnatak av Missy Elliot – leverte. Det viktige er likevel at programmet på museet ikkje forringa det øvrige programmet verken i volum eller kvalitet, og svikten i billettsalet blei ikkje katastrofal.

Vi kan ikkje planlegge ut fra at det skal regne fire av seks dagar, sa styreleiar Britt Flo på oppsummeringspressekonferansen på laurdag. Om det ikkje har regna så mykje på 40 år, så er nedbør noko som bør vera eit mogleg scenario når ein planlegg ein festival på Nordvestlandet. Faktum er at Moldejazz planlegg med tanke på at det kan regna, og har gjort det lenge. Kjernen i Moldefestivalen er nemleg ikkje veravhengig.

 Dei som tapte på regnet var alle gatemusikantane og pølseseljarane. Krimskramsdelen av Moldejazz var forhutla som ein våt katt. Eg forstår framleis ikkje kvifor fylkeslandbruksstyret og festivalen kan gjera felles sak og presentera ei gågate med berre gardsmat og handverk. Ei bod med elgburger gjer ingen sommar, sjølv om burgeren smakte godt. 
Lars Mossefinn