MOLDE 2010
jan-ole 
 FESTIVALSJEFEN OPPSUMMERER
MOLDEJAZZ LAURDAG: Festivalsjef Jan Ole Otnæs i ein kort avsluttande prat med Jazznytts utsende, Lars Mossefinn på festivalens siste dag:

- Er du overraska over kor mykje veret har å seia for ein festival?
Festvalsjef Jan Ole Otnæs sit på terrassen utanfor pressesenteret. Ein terrasse som på festivalens femte dag er bada i sol.
- Nei, men eg har fått det bekrefta, kjem det kontant frå Otnæs. Folk har spurt oss kvifor me skal ha pengar på bok, og eg har sagt at før eller seiare vil det koma ein regnversdag.

-  Ja, og no kom det fire på rappen...
-  Bokstavleg talt, og det har gitt oss utfordringar.

-  Det styrer mot eit underskot?
-  Litt tidleg å konkludera kategorisk, men dagssalet av billettar dei to siste dagane skal vera unormalt høgt om det ikkje skal enda opp med underskot. Me har sett ein del av reservane våre inn på å skapa prosjekt, gje norsk musikarar høve til å skapa ny musikk. Det har vore eit sentralt element i jubileumsførebuingane våre.

-  Kombinert med dårleg ver og effekten dette har hatt på billettsalet, så blir det raude tal?
-  Det er nok det mest sannsynlege, ja.Moldejazz er ein av i alt 11 såkalte knutepunktfestivalar. I inneverande år er desse 11 festivalane tilgodesett med 64,4 mill. kr frå staten. Samstundes utløyser dette eit tillegg på 40% frå regionen. Dvs. at desse 11 festivalane får over 100 mill kr. frå det offentlege. Deparementet har varsla ei evaluering av desse festivalane som går utover den årlege kvantitative eigenrapporteringa. 

-  Korleis løyser Moldejazz sitt knutepunkts oppdrag?
-  Oppdraget kan delast inn i 7 – 8 underpunkt, men me har i dialog med departementet valt å fokusera på skapa eit best mogleg kvalitativt innhald på festivalen gjennom å gje norsk jazzmusikarar nye oppdrag. Dette er krevande. Ein kan fort rota seg bort i bestillingsverk-helvete. Dvs. ein skal gjera dette følsomt. Det må ikkje bli slik at me trer våre idéar ned over hovudet på musikarane, seier Otnæs med overtyding.  

Dette er problemstillingar fyren har tenkt gjennom både ein og ti gonger.
-  Liarbird er eit godt eksempel, held Otnæs fram. Me hadde bestemt oss for at me gjerne ville gjera noko med Ola. Nokre månader etter den første samtalen kom Ola attende til oss med skissa til det som me i går opplevde på kulturhuset.

-  Og premieren på Trondheim jazzfestival var det med i dei opprinnelege planane?
-  Nei, men eg hadde ein prat med Ernst-Wiggo (Sandbakk) og då fann me ut at dette var ein god idé. Ein vinn-vinn situasjon. Prosjektet fekk meir instuderingstid og Trondheim fekk ei fjør i hatten gjennom urpremieren. Det er slik me ynskjer det. Gjenbruk. Ein viktig del av det å forvalta eit knutepunktsmandat.

-  Kor viktig har det vore å integrera musikarar frå regionen i jubileumsfestivalen?
-  I år har det vore svært viktig, men la meg presisera – det er kvalitet som gjeld først og fremst. Det er ikkje nok at vedkommande kjem frå fylket eller regionen. Med Terje, Nils Petter, Steinar, Paal, Hedvig og Sula Art Ensemble blir ein del raude trådar i historien tydeleg. Å visa dette fram på ein jubileumsfestival er viktig, seier Otnæs.

-  Tilbake til veret. Ville det ikkje vore fornuftig å flytta Sonny Rollins til Bjørnsonhuset?
-  Me vurderte det, men etterkvart hadde me selt så pass mange billettar at ein del av publikum ikkje ville fått med seg denne konserten, men i ettertid kan ein kanskje seia at me skulle ha flytta uansett.

Festivalen har hatt ein del problemstillingar til løpande vurdering. Liarbird var utselt. Hyggeleg det, men valet blei då å ta ut stolane på Kulturhuset eller flytta konserten til Bjørnsonhuset.
- Me vurderte også dette, men at interessa for konserten skulle bli så stor blei tydleg tett innpå, og då var det for seint å flytta.

-   Har kombinasjonen av regn og lågt besøk på Romsdalsmuseet fått dykk til å revurdera bruken av museumsområdet?
-  Det handlar kanskje meir om den belastninga den intensive bruken av området har på dugnadsorganisasjonen. Me har måtta auka medarbeidarstaben med 100 pga. alle konsertane på museet. Vidare handlar det kanskje like mykje om denne bruksmåten tener festivalen. Om området toler belastninga er me i ein kontinuerleg dialog med museumsleiinga om. Godt er det at tilhøvet til museet og leiinga der er det aller beste.

Moldejazz er i tenkeboksen. Om to år står jazz- og teaterhuset ferdig og med det potensielt fem nye scenar. Då blir det farvel Forum og Reknes. For nostalgikarane blandt oss er dette vyer som fyller oss med vemod.

- Men Romsdalsmuseet som festivalarena består?
- Det er det mest sannsynlege scenarioet. Det er planar om fast scene på området, og me vurderer også å integrera Reknesparken i ein slags arena-akse som går frå Jazz- og teaterhuset til Romsdalsmuseet. 

Moldefestivalen har valt å markera 50 år i jazens tenester med å investera i varige verdiar (alle prosjekta skal ikkje ramsast opp her). Dei kunne gått for eit fyrverkeri av ein folkefest. I dag kan dei prisa seg lukkeleg. Regnet er ikkje i alle samanhengar livgjevande.
Lars Mossefinn