|
Det var ein morgonfrisk prisvinnar som møtte pressa på føremiddagen fredag. Vel har Westerhus uryddig frisyre, men på innsida er det særdeles klart og strukturert.
- Eg har vel visst om dette i eit par månader, seier Westerhus og får eit stadfestande nikk frå Otnæs.
– Eg har allting klar, eg seier Westerhus med karakteristisk breit glis, men eg røpe ikkje besetninga.
- Utgangspunktet mitt er det eg held på med som soloartist.
- Har du skrive for stort ensemble før?
- Nei, men det blir morosamt. Eg har tenkt masse på ting eg har lyst å gjera i eit slikt format, men det er no sikkert – ei slik utgåve av Trondheim jazzorkester har du ikkje sett før.
- Du flyg jo Europa rundt med soloprosjektet ditt, greier du å arbeida langsiktig på flyplassar?
- Det er ikkje problem. Du får øvt mykje med å tenkja. Ein må berre stengja ute resten av verda. Eg jobbar mykje aleine. Av og til har berre lyst å tenna på gitaren. Då er det berre å ta fatt igjen å tørs å gå i ein motsett retning av ’the obvious. Ein famlar eigentleg rundt på nåde.
På pressekonferansen blir han konfrontert med eit sitat frå Nils Petter Molvær om at han er den råaste gitaristen i verda. Westerhus smiler litt brydd.
- Eg er sjølvsagt glad for å høyra slikt frå Nils Petter. Han er ein du kan sparka hardt i rumpa – musikalsk sett, og han melder like knallhardt attende. Eg ser ikkje på meg sjølv som gitarist. Gå i Narvesen å sjå alle rockeblada. Framsidebilete av Jimmy Page, Joe Satriani. Wow! Gitarsolo! Nei, det er ikkje meg. Har eg hatt ferie og plukkar opp gitaren etter å ha vore vekke frå den ei stund, ja, då er det eit instrument, men etter kort tid blir instrumentet ein del av kroppen så å seia. Eg hugsar at Nils Petter og eg hadde ei ’øving’. Me drakk kaffi og høyrde gjennom noko Nils Petter hadde liggjande på lap topen. Så seier han berre – Det blir bra dette. Eg hadde jo ikkje spelt ein tone.
Så skal fotografane ha sitt. Westerhus er så uanstrengt og sjarmerande at ein kunne tru dette var ein del av den daglege føremiddagsrutinen.
Lars Mossefinn
|